Sertifisert Personleg Trenar

Finn glede i kvardagen

Velkommen til Voss PT

Voss PT Rutger

Om meg

Rutger Custers

Namnet mitt er Rutger og eg er sertifisert Personleg Trenar. Eg vart født i Bunde, Nederland. Der byrja eg på både Judo og symjing som seksåring og haldt fram med dette lenge. I judoen konkurrerte eg på regionale nivå, samstundes som eg var assisterande trenar. Eg var også symjeinstruktør, der fokuset var å fremje tryggleik i vatn og då etterkvart lære seg å symje.

Etter å ha jobba to somrar på Voss bestemde eg meg i 2015 for å flytte hit for å satse på Brasiliansk Jiu-Jitsu. Då eg byrja med styrketrening i tillegg, tok eg treninga til eit nytt nivå. Noko som gjorde at eg kunne konkurrere over heile verda. Ein bronsemedalje i EM og mange andre medaljar seinare, driv eg framleis aktivt med BJJ. I 2020 starta eg som trenar til barn- og ungdomspartiet. Sidan eg alltid har likt å trena, har eg utdanna meg til Personleg Trenar i 2022 gjennom AFPT. No er eg klar til å møte deg for vår første økt!

Tenester

PT kort

30 minuttar med personleg trening
600,-

PT time

50 minuttar økt med personleg hjelp og tilsyn
800,-

Pakkedeal

Gjerne ta kontakt med meg for ein liste med alt Voss PT har a tilby.

Voss PT og Frontline Academy

Little Samurai

Voss PT har vært involvert i Kids BJJ siden oppstarten i 2020, gjennom barneprogrammet Little Samurai. Tilbudet gir barn en trygg og positiv introduksjon til kampsport, med fokus på mestring, selvtillit og gode verdier. Instruktøren er fra Voss PT, mens det er Frontline Academy som står for det faglige innholdet og styrer treningen. For mer informasjon om treningstider, påmelding og tilbud, besøk frontlinevoss.no.

Kontakt Voss PT

Korleis vil du bli kontakta?